Posted on 15. november 2020 by MoldeJanitsjar Posted in Molde Janitsjar Molde Janitsjar sitt konsertprosjekt JAhn VI ELSKER skulle eigentleg gjennomførast i februar 2021. Så blei det utsetting til helga 4.-6. juni 2021. No har styret i Molde Janitsjar dessverre kome til den konklusjon at vi må utsette prosjektet enno ein gong. Alt dette pga. pandemien sjølvsagt. Konklusjonen er, ut frå både musikalsk og økonomisk vurdering, at det ikkje er forsvarleg å gjennomføre prosjektet i år. Vi har landa på at nytt konserttidspunkt blir helga 12.-13. februar 2022 i Bjørnsonhuset. Molde Janitsjar satsar på at det meste i samfunnet har normalisert seg når vi kjem over i neste år.Alle samarbeidande partar har eit sterkt håp om å kunne lande dette prosjektet i februar 2022. Publikum som har kjøpt billettar til konsertane får desse refundert fullt ut. Billettsalet blir lagt ut på nytt i løpet av nov. 2021. Dei som har kjøpt billettar vil få informasjon i forkant av nytt billettsal. Molde Janitsjar sett sin lit til at vi i februar neste år kan ta imot meir enn 200 personar pr. konsert i Bjørnsonhuset, og sleppe å bruke eit koronatilpassa salkart. TAKK til alle som kjøpte billettar til desse konsertane. Vi håper du blir å sjå på konsert i februar 2022 😉 Eventuelle spørsmål kan sendes til post@moldejanitsjar.no • Ejaculationtreatment. This low figure is expected to change radically sildenafil side effects.